Regjeringen anbefaler 98-oktan E0 som sikringskvalitet!

I forbindelse med statsbudsjettet kommer enda en positiv nyhet for oss bilentusiaster. I Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016 ble regjeringen bedt av Stortinget om å komme tilbake med en konkret plan for innføring av sikringskvalitet bensin i forbindelse med statsbudsjettet 2018. AMCAR registrerer med glede at: «Regjeringa meiner at 98E0 som sikringskvalitet vil gi det beste tilbodet til forbrukarane.»
AMCARs syn i saken har dermed vunnet fram i regjeringen og de varsler nå en videre utredning og høring før endelig beslutning fattes. Dette er nok et steg i riktig retning for å sikre Norges bilentusiaster tilgang på etanolfri bensin i fremtiden. AMCAR fortsetter å følge saken tett fremover og gir oss ikke før endelig vedtak er i boks!

Les hele regjeringens merknad fra statsbudsjettet om sikringskvalitet her:
Vedtak nr. 108, punkt 8, 5. desember 2016 Stortinget ber regjeringen i løpet av 2018 innføre E10 som en bransjestandard for bensin. Regjeringen bes komme tilbake i statsbudsjettet for 2018 med en konkret plan for arbeidet.
Vedtaket vart fatta då innstillinga Innst. 2 S (2015– 2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2016– 2017) og Prop. 1 S (2016–2017) og Prop. 1 S Tillegg 1–5 (2016–2017) vart behandla, som følgje av laust forslag nr. 100 fremja frå salen. Regjeringa var i Prop. 1 S (2016–2017) frå Klima- og miljø- departementet i utgangspunktet positiv til innfø- ring av E10 som ein ny bransjestandard på den norske marknaden, men meinte at det var føremålstenleg å sikte mot 2019 for å gi bransjen tilstrekkeleg med tid til å tilpasse seg det endra regelverket. Det er i praksis fleire ulike måtar å gjennomføre Stortinget sitt oppmodingsvedtak på. Eit alternativ er at det vert stilt eit spesifikt krav om at drivstoffomsetjarane skal tilby E10. For å gjere ordninga noko meir fleksibel kunne ein tenkje seg at små drivstoffstasjonar berre skal tilby sikringskvalitet. Dette er tilfellet i Finland. Meir fleksible gjennomføringar av oppmodinga ville vere gjennom å auke det forskriftsfesta kravet om minst 4 pst. biodrivstoffdel til bensinkjøretøy, eller å la implementeringa vere heilt opp til bransjen sjølv. Gitt at E10 skal innførast gjennom regulatoriske verkemiddel, meiner regjeringa på noverande tidspunkt at det å auke det forskriftsfesta kravet om biodrivstoffdel til bensinkjøretøy til noko over 5 pst. ville vere ei god løysing. Vidare ville det vere føremålstenleg å stille krav til maksimal geografisk avstand til næraste bensinstasjon med sikringskvalitet for stasjonar der E10 blir innført. Det vil vere behov for målretta informasjon mot forbrukarane i forkant av implementeringa. Regjeringa oppfattar at intensjonen bak Stortinget sitt vedtak er å auke delen biodrivstoff i bensin. Å gjennomføre vedtaket gjennom å auke det forskriftsfesta kravet om biodrivstoffdel til bensinkøyretøy ut over dagens krav til 4 pst, vil gjere det mogleg for omsetjarane å auke innblandinga av etanol i bensin i dei områda der det er mest kostnadseffektivt. Kravet om biodrivstoffdel til bensinkøyretøy i produktforskrifta er pålagt drivstoffomsetjarane og gjeld for deira samla omsetnad av drivstoff på årsbasis. Med ei implementering av E10 som skissert over, vert drivstoffomsetjarane pålagde å omsetje noko over 5 pst. etanol av den totale bensinomsetjinga si. Korleis dei vel å oppfylle dette kravet er opp til dei sjølve. Kravet kan oppfyllast gjennom å tilby bensin med høgare etanoldel på dei stasjonane det ligg best til rette for dette, både med omsyn til tankanlegg og marknadsgrunnlag. 146 Prop. 1 S 2017–2018 Klima- og miljødepartementet Erfaringar frå andre land som har innført E10 som ny bransjestandard, har vist at det er svært viktig å sikre tilstrekkeleg informasjon til forbrukarane i forkant av implementeringa. Mange bileigarar veit ikkje om bilen dei eig kan køyre på bensin med høgare del etanol enn 5 pst., og vel derfor å fylle drivstoff med lågare etanolandel for å vere på den sikre sida. Eksempelvis er delen bensinbilar i Finland som kan bruke E10 på om lag 85 pst., medan salet av E10 berre utgjer 68 pst. av marknaden. Bilar som er produserte frå og med år 2000 kan i all hovudsak nytte E10. Dette varierer likevel stort mellom merker og modellar. Basert på innspel frå bransjen har Miljødirektoratet vurdert at det er mellom 130 000 og 200 000 bensinbilar som ikkje er godkjente for bruk av E10 i Noreg i dag. 70 pst. av desse var førestegongsregistrerte før år 2000. Dersom ein legg til grunn at delen bilar i Noreg som toler bensin med etanolandel ut over 5 pst. er om lag som i Finland, vil det vere om lag 180 000 bilar som ikkje er godkjende. Talet vil truleg falle framover ettersom gamle bilar vert vraka og bilparken fornya. Aktuelle sikringsstandardar ved innføring av 95E10 kan vere 95E5, 98E5 eller 98E0. Regjeringa meiner at 98E0 som sikringskvalitet vil gi det beste tilbodet til forbrukarane. Det var nesten 1600 bensinstasjonar i Noreg i 2016. Nær alle bensinstasjonar tilbyr 95E5, medan 98E0 blei tilbode på om lag 600 av stasjonane. Bensinstasjonane vert forsynt av tankbilar frå 17 terminalar. Alle har 95-oktan, medan sju har 98- oktan. Dei om lag 900 stasjonane som i dag berre tilbyr 95E5, vil måtte investere i ny pumpe og tank dersom dei skal tilby sikringskvalitet. På oppdrag frå Miljødirektoratet anslår konsulentselskapet Rambøll at dei totale kostnadane kan liggje på om lag 640 mill. kroner dersom ein skal krevje dette ved alle stasjonar. Regjeringa meiner at eit godt alternativ kunne vere å stille eit krav om maksimumsavstand til nærmaste fyllepunkt med sikringskvalitet slik ein har gjort i Finland. Dette vil gi lågare kostnadar, mellom anna vil det ikkje bli krav om at alle stasjonar i same by skal tilby sikringskvalitet. Kostnaden vil avhenge av dagens geografiske fordeling, og kva maksimal avstand ein krev. I desse vurderingane vil det vare naudsynt med meir kunnskap om korleis drivstoffstasjonar med ulikt tilbod fordeler seg geografisk. Dagens infrastruktur med bensinstasjonar og tankterminalar er optimalisert ut i frå dagens sal, der 95E5 utgjer om lag 98 pst. av omsetjinga og 98E0 utgjer 2 pst. Dersom 98E0 blir innført som sikringsstandard, må ein tru at salet vil auke. Dette vil ha innverknad på kostnadene gjennom at ein vil kunne måtte utvide tankanlegga for sikringskvalitet, men det er utfordrande å anslå kor stor utvidingar som vil vere naudsynt. Kor stor auken i bruken av sikringskvalitet vil bli, vil særleg avhenge av kunnskapen om E10 blant forbrukarane og god merking av drivstoffet på stasjonane. Rambøll har på oppdrag frå Miljødirektoratet estimert meirkostnadar for eit scenario der tankanlegga for sikringskvalitet vert utvida med 20 000 m3 kapasitet som følgje av auka etterspurnad. Dette vil kunne gi kostnader på omkring 63 mill. kroner. Det vil vidare kunne ventast at auken i etterspørsel etter sikringskvalitet vil føre til auka transport av drivstoff på tankbil. Rambøll anslår at kostnadane knytt til denne transporten kan liggje mellom 6 og 45 mill. kroner. Desse kostnadene er basert på ein modell som er mindre fleksibel en den som er skissert her, slik at dei mest truleg representerer ei øvre ramme for meirkostnader. Det er naudsynt med vidare utgreiing av dei ulike alternativa både med omsyn til kostnader og praktisk gjennomføring. Konkret nivå for innblanding og grense for maksimal geografisk avstand mellom tilbydarar av sikringskvalitet må utgreiast nærare. Vidare vil det vere eit særleg behov for målretta og effektiv informasjon til forbrukarane, som vil vere avgjerande for om tiltaket fører til ein reell auke i omsetninga av etanol. Regjeringa ønskjer å gjennomføre høyring der fleire ulike alternativ vert presenterte før ein tek endeleg stilling til ein konkret plan. Arbeidet må også sjåast i samanheng med opptrappingsplanen for biodrivstoff. Klima- og miljødepartementet tek sikte på å gjennomføre høyring av dei naudsynte forskriftsendringane i 2018. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.



Laster...
Annonse
en Translate
a a a
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse